Bloggen blir sett

I oktober 2011 skrev jeg et innlegg om digitalt testamente. Utgangspunktet for dette innlegget er vår stadig mer digitaliserte hverdag hvor vi er deltagende på flere og flere sosiale medier samt at vi tar i bruk lagring av personlig informasjon som bilder, dokumenter og lignende i såkalte skyer (nettlagring).

Bilde
Historisk har arv vært det vi etterlot oss i form av materielle ting og økonomiske verdier den dagen vårt opphold på jorden var over. Men i dag består denne arven av så mye mer, også en masse vi ikke kan ta og føle på. Binære koder som leses som tekster eller kan bli sett som bilder på blant annet personlige profiler, blogger eller snapchat.
Mitt innlegg ble plukket opp en av journalist, Hanne Østli Jakobsen i Morgenbladet, da hun skulle skrive om utfordringer knyttet til akkurat dette – vårt digitale liv og død. Hun gjorde et telefonintervju med meg for en stund siden. Artikkelen kan leses i papir og på nett fra i dag av (klikk her for link til Morgenbladet).
Her er et utdrag fra artikkelen (den delen jeg er med i):
Digitalt testamente. Døden er kanskje ikkje noko som plagar tankane jamstøtt medan helsa er god. Og sjølv for dei av oss som skriv testamente er den digitale kvardagen så ny at digitale eigendelar ikkje nødvendigvis kjem med.
42 år gamle Truls Zimmer fra Asker har forsøkt å tenkja så langt. Han har cystisk fibrose, ein kronisk lungesjukdom. Lidinga er ikkje livstrugande i dag, men ho har vore det fleire gonger gjennom åra hans.
– Eg har laga ei liste over brukarnamn og passord til ulike webforum, sosiale medium, lagringsstedar, nettbutikkar. Ho er ikkje fullstendig enno, men forhåpentligvis vil ho gjera det lettare å rydda i noko av det, fortel han.
Zimmer bloggar om kvardagen på bloggen «Frisk pust», og har dessutan profil på Facebook og på Twitter – blant anna. Tvitringa er mest knytt til jobben i Stiftelsen organdonasjon, medan Facebook-profilen har blitt meir og meir personleg med åra.
Alt digitalt liv fortener nok ikkje ei plass i æva, meiner Zimmer, men noko gjer det:
– For min del ønskjer eg at mine vonleg velgjennomtenkte blogginnlegg blir liggande. Dette er tekstar eg har tenkt skal vara. Når det gjeld daglege postar på Facebook – dei kan eg angre på alt om fire månader. Dei er for tida her og no, ikkje for framtida.
– Førebels har eg ikkje skrive ned kva som skal slettast og kva som kan få bli, men eg har snakka med kona mi om det. Så ho vil kunne følgja opp dei ønska eg har nemnt, i alle fall.
Sjølv fekk han kjenna på kor klønete den digitale døden, eller det digitale etterlivet, også kan vera, i fjor då faren hans, som var aktiv Facebook-brukar, gjekk bort. Ifølgje reglane for nettstaden er det berre den lovlege forvaltaren av eigedelane til ein person som kan få sletta ein profil, og sidan mor til Zimmer ikkje bruker digitale tenester, blei det vanskeleg. Dei løyste det slik at profilen til faren blei ei minneside – medan sonen sletta venskapen.
– Sidan Facebook har dei reglene dei har, blei det enklast med ei minneside, men ho er i praksis ute av funksjon. Eg har fjerna han som ven, og etter det eg høyrer er det ingen som skriv der eller postar noko no. Ho kunne like godt ha forsvunne. Kva er meininga med døde profilar? spør Zimmer.
Det meiner altså han. Men kva meinte faren sjølv? Zimmer veit ikkje, og han skulle gjerne visst. Han kjenner ikkje dei personlege ønska for dei bileta som ligg der, gamle familiebilete som faren skanna og la ut. Ønska han at dei fortsatt skulle vera synlege? Eller at det skulle vore rydda? Fjerna?
– Nokre aspekt ved avslutninga av livet er greie å snakka om, og ta stilling til på førehand. Det er vanskelegare å rydde opp etter einkvan som ikkje uttrykte nokre ønskje, det gjeld for Facebook-profilen på samme måte som for sykkelen eller organ, seier han.

Min oppfordring er at man en eller annen plass lagrer informasjon som gjør det mulig for noen å rydde opp i de digitale sporene vi etterlater oss. Og eventuelt at vi også skriver ned hva vi selv ønsker for hva som skal skje med vår egen Facebook-profil og de bilder vi er blitt taget i hos andre. Det er din vilje som må gjelde også når det kommer til vårt digitale liv og død.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s